No er det berre 3(!) veker til Silje, Natalie og eg sit på flyet på veg til Buenos Aires! Turen vi har planlagt og gleda oss til i månadsvis er rett rundt hjørnet, og i den anledning syns eg det var på tide å lage ein blogg. På den måten kan eg halde dei som er interesserte oppdaterte på kva som opptar kvardagen vår dei tre månadane me er vekke.
Kanskje du ikkje har fått heilt med deg kva vi skal gjere desse tre månadane? Då skal du få ei lita innføring no. Vi har nemleg vore så heldige å få kome til barnehjemmet "Hogar el alba" som ligg rett utanfor Buenos Aires, Argentina, for å jobbe frivillig der i to månadar. Deretter skal vi på ein tre-vekers rundreise i Sør- og Mellom-Amerika. Reiseruta vår ser slik ut:
Norge - Argentina - Costa Rica - Cuba - Mexico - Norge.
19. desember landar vi på norsk jord att, solbrune og ganske sikkert fullstappa med inntrykk!
No gjenstår tre dagar med jobbing på Meny, litt planlegging, pakking og kvalitetstid i Bergen med gode vener og den aller beste kjærasten, før eg set nasen mot varmare strøk! :)
Følg med, meir blogging kjem etterkvart!
Hasta luego :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar